politikken.info
Det er valg år i år, og Hallvard Lavoll sitt Politikere på twitter innlegg fekk meg til å tenke litt angåande valget som kjem om ikkje så altfor lenge: kva bedriv politikarane i Noreg med for tida? Eg satte meg ned og klikka meg gjennom ein del sider, men å halde seg oppdatert på ein dag til dag basis på denne måten er ikkje haldbar. Eg kunne ha lagt til alle sidene i google sin rss lesar, men dette er noko andre og bør halde seg oppdatert på. Eg er programmerar til dagleg og kjenner godt til planetplanet, ein applikasjon for å aggregere nyhende fra forskjellege bloggar inn i ein oversiktleg straum, og dermed vart politikken.info født: ei side med tre delar:
Kvar av desse seksjonane hentar oppdatert informasjon kvar time om kva norske politikarar seier på internett, enten dette er på partiet sine heimeside, bloggar, nyhende fra større aviser og til slutt ei oversikt over norske politikarar på twitter.
Ein del parti og nyhets kjelder manglar, men dette er ikkje min feil: politikken.info aggregerar kun fra kjelder som har ein politikk kategori og/eller har ein RSS straum, dersom dette manglar kan eg ikkje hente informasjonen derfra. Så vist eit politisk parti ( det er ein del av dei ) har lyst å være med her: legg opp ein RSS straum som eg kan få tak i!
Vist du har andre aviser, bloggar, folk på twitter etc. som kan være interessant å ha med på sida: legg til ein kommentar her, så skal eg legge den til på politikken.info
Har du innspel til sida så legg gjerne til ein kommentar så skal eg kikke på det og gi deg tilbakemelding så snart som mulig.
